Pers Veterantreff 50+

0

0

Resultatliste

Rankingliste

IMG_20191025_230536582.jpg

Frank nr. 5 i Pers veterantreff på Gol

9. des. 2019, 15:28 av Frank Tangen

Dei kvemmingane som til slutt tok turen til fjells for å spela Pers veterantreff på Gol fekk verkeleg køyrt seg på parketten. Det var ikkje mykje kosespeling på husprofil denne gongen. Beaten Path på 41 fot gav glatte banar og store sjansar for splitt viss ein var litt upresis i leveringa.

Underteikna rubba go'kula med 360-papir for å få litt rørsle på kula, og det hjelpte. Med to gode startar var eg klar for PP-finale sundag. Olav, Helge og Kristin (som no spelar for Åsane) prøvde seg også med ein to/tre startar, men dei sleit med presisjonen og hamna eit stykke nede på lista.

I PP-finalane var det satt opp ein kamp mot kvar av dei andre sju finalistane. Opplegget er likt som i Kjegletrimmen: kvar kamp gjev 20 bonuspoeng for siger, 5 bonus for rein score over 200 og 10 bonus for score over 250.

Eg vann fire av mine sju kampar, men mangla dei heilt store seriane for å kjempa om topp tre, men ein 5. plass i denne turneringa og på denne profilen er eg strålande nøgd med.